Salgsbetingelser

Vilkår for utleige av feriehus og båt over Internett
Tveitnes gard ved Skogseidvatnet

Versjon 5 – september 2026. Erstattar versjon 4 (april 2026).

Innleiing

Denne utleiga er regulert av salsvilkåra nedanfor. Vilkåra gjeld forbrukarleige av feriehus og båt over Internett. Slik leige vert hovudsakleg regulert av avtalelova, angrerettlova, ehandelslova, personopplysningslova med personvernforordninga (GDPR) og marknadsføringslova. Desse lovene gjev forbrukaren ufråvikelege rettar. Lovene er tilgjengelege på www.lovdata.no. Husleigelova gjeld ikkje for dette leigeforholdet, sidan avtalen gjeld leige av husrom til ferie- og fritidsbruk, jf. husleigelova § 1-1 tredje ledd.

Vilkåra i denne avtalen skal ikkje forståast som nokon avgrensing i dei lovfesta rettane, men set opp dei viktigaste rettane og pliktene partane har i leigeforholdet.

Bestilling skjer i bookingløysinga på tveitnesgard.no, eller direkte med utleigar på telefon eller e-post. Vilkåra gjeld på same måte for begge bestillingsmåtane. Det er vilkåra som gjaldt på bestillingstidspunktet, som gjeld for bestillinga.

Innhaldsliste

  1. Avtalen
  2. Partane
  3. Pris
  4. Avtaleinngåing
  5. Betaling
  6. Levering (innsjekk og utsjekk)
  7. Angrerett
  8. Avbestilling og endring av bestilling
  9. Mangel ved tenesta – leigetakars rettar og reklamasjonsfrist
  10. Forseinking og manglande levering
  11. Utleigars rettar ved leigetakars mishald
  12. Bruk av hus og båt – ordensreglar
  13. Bruk av båt – særskilde vilkår
  14. Ansvar og forsikring
  15. Force majeure
  16. Personopplysningar
  17. Konfliktløysing

1) Avtalen

Avtalen består av desse salsvilkåra, opplysningane som er gjevne i bookingløysinga (datoar, tal på gjester, båtval og pris) og eventuelt særskilt avtalte vilkår. Ved motstrid mellom opplysningane går det som særskilt er avtalt mellom partane føre, så framt det ikkje strir mot ufråvikeleg lovgjeving. Avtalen vert i tillegg utfylt av relevante lovreglar som regulerer kjøp av tenester mellom næringsdrivande og forbrukarar.

2) Partane

UtleigarTveitnes gard
AdresseØvre Hålandsdal 281, 5640 Eikelandsosen
Org.nr.814 064 522
E-postolavltveitnes@gmail.com
Telefon+47 901 95 645 / +47 469 68 116
Nettstadwww.tveitnesgard.no

Tveitnes gard vert i det følgjande kalla «utleigar». Leigetakar er den forbrukaren som gjennomfører bestillinga.

3) Pris

Den oppgjevne prisen for leiga er totalprisen leigetakar skal betale. Prisen inkluderer alle avgifter og tilleggskostnader. Kostnader som utleigar ikkje har informert om før leiga, skal leigetakar ikkje bere. Totalprisen vert vist i bookingløysinga før betaling og går fram av stadfestinga på e-post.

Meirverdiavgift (mva): Utleige av feriehuset – overnatting, persontillegg, sluttvask og båt som inngår i husleiga – er ikkje mva-pliktig. Desse prisane er difor oppgjevne utan mva, og det kjem ikkje mva i tillegg. Separat båtleige (båt utan hus) er mva-pliktig, og prisen er oppgjeven inkludert 25 % mva.

Feriehus – sesongprisar (inntil 4 personar, båt inkludert):

SesongPeriodePris per natt
Høgsesong1. mai – 31. augustkr 2 650
Lågsesong1. september – 30. aprilkr 1 800

Prisen vert rekna ut natt for natt. Ei natt høyrer til sesongen for den datoen natta startar på (natta 31. august–1. september er høgsesong, natta 30. april–1. mai er lågsesong). Eit opphald som går over sesongskiftet får høgsesongpris for nettene i høgsesong og lågsesongpris for dei andre nettene. Minste leigeperiode er 2 netter.

Persontillegg (kjem i tillegg for gjest nr. 5 og oppover):

Tal på gjesterTillegg per natt
1–4 gjesterInkludert i prisen
5–6 gjesterkr 168 per gjest per natt for kvar gjest utover 4
7–8 gjesterkr 224 per gjest per natt for kvar gjest utover 4
9–10 gjesterkr 280 per gjest per natt for kvar gjest utover 4

Satsen vert fastsett etter det samla talet på gjester, og gjeld for kvar gjest utover fire. Døme: 6 gjester gjev 2 × kr 168 = kr 336 i tillegg per natt; 7 gjester gjev 3 × kr 224 = kr 672 per natt. Feriehuset tek maksimalt 10 gjester.

Andre kostnader:

TenestePris
Sluttvask (obligatorisk)kr 950 per opphald, utan mva
Båt som del av husleigaInkludert. Rabatt kr 350 per natt for netter utan båt
Separat båtleige (utan hus)kr 430 per dag, inkludert 25 % mva

Båt i husleiga: Ved leige av feriehus er ein båt inkludert i prisen. I bestillinga vel leigetakar kor mange av nettene båten skal vera med. For kvar natt utan båt vert prisen redusert med kr 350. Kva netter båten skal brukast, vert avtalt med utleigar ved innsjekk. For netter der båten ikkje er vald, kan utleigar leige han ut til andre.

Separat båtleige: Leiga vert rekna i heile dagar, og start- og sluttdag tel begge som leigedagar (leige frå laurdag til sundag er 2 dagar). Talet på båtar er avgrensa, og separat båtleige krev at det er ledig båt i perioden.

4) Avtaleinngåing

Avtalen er bindande for begge partar når leigetakar har gjennomført bestillinga og betalinga i bookingløysinga, og stadfesting er sendt på e-post. Stadfestinga vert sendt automatisk straks betalinga er godkjend, og inneheld bookingreferanse, datoar for innsjekk og utsjekk, tal på gjester, om båt er med i opphaldet og for kor mange netter, og totalpris. Vert betalinga avbroten eller ikkje fullført, fell bestillinga bort og datoane vert frigjevne.

Ved bestilling direkte med utleigar (telefon eller e-post) er avtalen bindande når utleigar har sendt stadfesting på e-post.

Avtalen er likevel ikkje bindande om det har vore skrive- eller tastefeil i tilbodet frå utleigar i bookingløysinga eller i bestillinga frå leigetakar, og den andre parten innsåg eller burde ha innsett at det låg føre ein slik feil. Leigetakar må vera minst 18 år og må ha akseptert desse vilkåra i bestillingsprosessen.

5) Betaling

Som hovudregel skjer full betaling ved bestilling. Ved bestilling på nettstaden vert betalinga gjennomført med Vipps eller bankkort (Visa/Mastercard) gjennom sikre betalingsløysingar (Vipps MobilePay og Stripe). Utleigar lagrar ikkje kort- eller kontoopplysningar. Ved bestilling direkte med utleigar (telefon eller e-post) vert betalingsmåte og betalingsfrist avtalt særskilt.

TidspunktBetalingskrav
Ved bestilling100 % av totalprisen

Ved bestilling direkte med utleigar fell bestillinga bort dersom betalinga ikkje er motteken innan avtalt frist etter at leigetakar har fått ei påminning. Eventuelle delbetalingar vert handsama etter reglane om avbestilling i punkt 8.

6) Levering (innsjekk og utsjekk)

Levering har skjedd når leigetakar har fått tilgang til det leigde objektet (feriehus og/eller båt). Dersom ikkje anna går fram av bookingløysinga eller stadfestinga, gjeld følgjande:

  • Feriehus: innsjekk frå kl. 15:00, utsjekk seinast kl. 11:00.
  • Båt ved separat leige: båten kan hentast frå kl. 08:00 på startdagen og skal leverast tilbake seinast kl. 20:00 på sluttdagen.
  • Båt som del av husopphald: båten kan brukast det talet på netter som er valt i bestillinga; kva netter vert avtalt med utleigar ved innsjekk.

7) Angrerett

Leigetakar har ikkje ordinær 14-dagars angrerett for dette leigeforholdet. Etter angrerettlova § 22 bokstav l gjeld ikkje angreretten for tenester knytte til innlosjering eller til fritidsaktivitetar når avtalen fastset ein bestemt dato eller eit bestemt tidsrom for gjennomføringa. Unntaket gjeld difor både utleige av feriehus og båt. Avbestilling og endring er regulert i punkt 8.

8) Avbestilling og endring av bestilling

Avbestilling: Alle avbestillingar må skje skriftleg til utleigars e-post. Utleigar rår leigetakar til å teikne reiseforsikring med avbestillingsdekning.

AvbestillingstidspunktRefusjon
Meir enn 30 dagar før innsjekk/leigestartFull refusjon (100 %)
30 dagar eller mindre før innsjekk/leigestart, eller ikkje møtt (no-show)Ingen refusjon

Endring av bestilling: Leigetakar kan be om endring av datoar, tal på gjester eller båtval ved å kontakte utleigar skriftleg (e-post). Endring krev samtykke frå utleigar og at dei ønskte datoane er ledige. Ved endring vert prisen rekna ut på nytt etter dei prisane som gjeld på endringstidspunktet. Er den nye prisen høgare, må differansen betalast før endringa gjeld. Er den nye prisen lågare, vert differansen refundert dersom endringa er meld meir enn 30 dagar før opphavleg avtalt innsjekk/leigestart. Endringar som tek bort netter eller båt 30 dagar eller mindre før opphavleg avtalt innsjekk/leigestart, vert handsama som avbestilling av den delen som fell bort, og gjev ikkje refusjon; færre gjester gjev refusjon av persontillegget. Utleigar sender oppdatert stadfesting på e-post når endringa er registrert.

9) Mangel ved tenesta – leigetakars rettar og reklamasjonsfrist

Dersom det ligg føre ein mangel ved den leverte tenesta (til dømes at feriehuset eller båten ikkje svarar til det som er avtalt), må leigetakar innan rimeleg tid etter at mangelen vart oppdaga eller burde ha vore oppdaga, gje utleigar melding om at han eller ho vil gjere mangelen gjeldande. Leigetakar har alltid reklamert tidsnok dersom det skjer innan 2 månader frå mangelen vart oppdaga. Meldinga bør vera skriftleg (e-post).

Prisavslag: Leigetakar kan krevje eit høveleg prisavslag dersom mangelen ikkje vert retta innan rimeleg tid.

Heving: Dersom mangelen er vesentleg, kan leigetakar heve avtalen og krevje refusjon for den delen av leiga som ikkje er nytta, i tillegg til eventuelt prisavslag for den delen som er nytta.

Erstatning: Leigetakar kan krevje erstatning for dokumentert tap som følgje av mangelen, dersom utleigar ikkje godtgjer at mangelen kjem av ei hindring utanfor utleigars kontroll.

10) Forseinking og manglande levering

Dersom utleigar ikkje leverer tenesta, eller leverer henne for seint i høve til avtalen, og dette ikkje kjem av leigetakar eller tilhøve på leigetakars side, kan leigetakar etter omstenda halde betalinga tilbake, krevje oppfylling, heve avtalen og/eller krevje erstatning frå utleigar.

Oppfylling: Leigetakar kan halde fast på avtalen og krevje oppfylling. Leigetakar kan likevel ikkje krevje oppfylling dersom det ligg føre ei hindring som utleigar ikkje kan overvinne, eller dersom oppfylling vil føre til uhøveleg store kostnader.

Heving: Dersom utleigar ikkje leverer på avtalt tidspunkt, skal leigetakar be utleigar om å levere innan ein rimeleg tilleggsfrist. Leverer ikkje utleigar innan fristen, kan leigetakar heve avtalen. Leigetakar kan heve straks dersom utleigar nektar å levere, eller dersom leveringstidspunktet var avgjerande for at avtalen vart inngått.

Erstatning: Leigetakar kan krevje erstatning for dokumentert tap som følgje av forseinkinga, med mindre utleigar godtgjer at forseinkinga kjem av ei hindring utanfor utleigars kontroll.

11) Utleigars rettar ved leigetakars mishald

Dersom leigetakar ikkje betaler eller ikkje oppfyller dei andre pliktene etter avtalen, og dette ikkje kjem av utleigar, kan utleigar etter omstenda krevje oppfylling av avtalen, heve avtalen og krevje erstatning frå leigetakar.

Oppfylling: Utleigar kan halde fast på avtalen og krevje at leigetakar betaler leiga.

Heving: Utleigar kan heve avtalen dersom det ligg føre vesentleg betalingsmishald eller anna vesentleg mishald frå leigetakars side.

Renter ved forseinka betaling: Dersom leigetakar ikkje betaler leiga i samsvar med avtalen, kan utleigar krevje renter etter forseinkingsrentelova. Ved manglande betaling kan kravet, etter varsel, verte sendt til inkasso.

12) Bruk av hus og båt – ordensreglar

Det er ein obligatorisk sluttvask på kr 950 per opphald (utan mva). Sluttvasken dekkjer vask av sengetøy og handkle, husvask, rydding og støvtørking, og inngår alltid i totalprisen.

Leigetakar pliktar å:

  • rydde etter seg innandørs (ta opp ting frå golvet, tømme kjøleskapet for matrestar)
  • handsame inventar, utstyr og båt med varsemd
  • late huset stå att ryddig og utan skadar – vanleg reinhald er dekt av sluttvasken

Generelle ordensreglar:

  • Ro mellom kl. 23:00 og 07:00.
  • Røyking er forbode inne i alle bygningar.
  • Kjæledyr berre etter avtale på førehand.
  • Største tal på gjester er det som er oppgjeve i bestillinga – overskriding gjev rett til heving med ein gong, utan refusjon.
  • Bål og grilling berre på tilviste plassar.
  • Gjestene har tilgang til den tilhøyrande hagen og til vasslinja ved båtbryggja og naustet.
  • Gjestene har IKKJE tilgang til husdyrrom, drivhus eller andre driftsbygningar på garden.
  • Ferdsel på innmark (grønsakhage, dyrka eng, innmarksbeite) berre etter avtale.

13) Bruk av båt – særskilde vilkår

Tveitnes gard leiger ut båt (15 fot, med elektrisk trollingmotor og batteri) til bruk på Skogseidvatnet. Båten kan leigast separat eller vera med som del av eit husopphald. Har leigetakar valt bort båt for ei eller fleire netter i ei husbooking, gjev opphaldet ikkje rett til å bruke båt fleire netter enn det som er valt, utan ny avtale med utleigar.

Leigetakar pliktar å:

  • handsame båt, motor og batteri med varsemd
  • aldri senke eller dyppe batteriet i vatn, og aldri utsetje det for fukt – batteriet er kostbart og tåler ikkje vatn
  • fortøye båten forsvarleg etter bruk
  • varsle utleigar straks ved skade, havari eller uhell
  • berre late personar som har fylt 16 år, bruke båten

Leigetakar har fullt erstatningsansvar for skadar på båt, motor og batteri som kjem av aktløyse eller uforsvarleg bruk. Utleigar kan krevje erstatning òg etter at leigeperioden er slutt, dersom skadar vert oppdaga ved ettersyn innan rimeleg tid etter utsjekk.

14) Ansvar og forsikring

Leigetakar er ansvarleg for alle skadar på hus, inventar, båt, motor, batteri og anna utstyr som oppstår i leigeperioden, uavhengig av om skaden kjem av leigetakar sjølv eller gjestene til leigetakar. Dette gjeld både ved husleige og ved separat båtleige.

Utleigar er ikkje ansvarleg for tjuveri, tap eller skade på eigedelane til leigetakar, med mindre det kjem av aktløyse frå utleigar, og heller ikkje for ulemper som kjem av naturtilhøve eller andre tilhøve utanfor utleigars kontroll. Feil ved hus, utstyr eller båt vert handsama etter punkt 9.

Utleigar rår leigetakar til å teikne reiseforsikring som dekkjer ansvar og avbestilling.

15) Force majeure

Dersom utleigar på grunn av force majeure (naturkatastrofe, brann, pandemi, vedtak frå styresmaktene o.l.) ikkje kan stille huset og/eller båten til disposisjon, vert leiga for den delen som ikkje kan leverast, refundert i sin heilskap. Leigetakar har ikkje krav på ytterlegare erstatning.

16) Personopplysningar

Behandlingsansvarleg for innsamla personopplysningar er utleigar. Med mindre leigetakar samtykkjer til noko anna, kan utleigar, i tråd med personopplysningslova og personvernforordninga (GDPR), berre hente inn og lagre dei personopplysningane som er nødvendige for å gjennomføre avtalen: namn, e-postadresse, telefonnummer, eventuell adresse og melding, og opplysningar om bestillinga og betalinga. Opplysningane vert lagra i bookingløysinga på nettstaden og nytta til stadfesting, kontakt om opphaldet og rekneskap. Betalinga vert handsama av Vipps MobilePay eller Stripe etter deira vilkår. Personopplysningane vert berre utleverte til andre dersom det er nødvendig for å gjennomføre avtalen, eller i lovbestemte høve. Opplysningane vert sletta når opphaldet er avslutta, med unntak av det som må lagrast etter bokføringslova (5 år). Leigetakar kan kontakte utleigar for innsyn, retting eller sletting, og kan klage til Datatilsynet.

17) Konfliktløysing

Klager skal rettast til utleigar innan rimeleg tid, jf. punkt 9 og 10. Partane skal freiste å løyse eventuelle tvistar i minne. Lykkast ikkje det, kan leigetakar kontakte Forbrukertilsynet for mekling. Forbrukertilsynet er tilgjengeleg på telefon 23 40 06 00 eller www.forbrukertilsynet.no. Leigetakar kan òg reise sak ved sitt eige alminnelege verneting.

Norsk rett gjeld.